Teknologi

Israel Katz har instruert det israelske militæret (IDF) om å okkupere ytterlegare område, evakuere bebuarane, og utvide dei såkalla tryggingssonene i Gaza.

Det seier han sjølv fredag til avisa Jerusalem Post.

– Dess lengre Hamas fortset med å nekte å sleppe fri gislane, dess meir territorium vil dei tape til annektering av Israel.

Dei israelske styresmaktene viste også til gislane som framleis er i Gaza då den to månader lange våpenkvila blei broten denne veka.

Israel Katz på et møte i FNs sikkerhetsråd

Katz seier han har gitt IDF instruksar om å ta over stadig fleire område i Gaza.

Foto: Bebeto Matthews / AP / NTB

Til saman har fleire enn 500 palestinarar blitt drepne sidan, ifølge palestinske styresmakter.

Hamas har stadfesta drap på fire viktige leiarar, blant dei Essam al-Dalis, som har leidd Gaza si regjering sidan 2021.

Gruppa mista også leiaren for innanriksdepartementet, ein etterretningssjef og nestleiaren i justisdepartementet, heiter det vidare i pressemeldinga.

IDF hevdar også fredag at dei har drepe Hamas sin sjef for militæretterretning, melder Reuters. Hamas har ikkje enno kommentert påstanden.

Hamas i forhandling med USA

Ein talsperson for Hamas seier fredag at dei framleis vurderer det amerikanske forslaget til vilkår for å innføre våpenkvila på nytt.

Dette blei presentert av USA si spesialutsending Steve Witkoff sist veke, foreslår å utvide våpenkvila til etter ramadan og pesach, slik at ein får tid til meir forhandlingar.

Tysdag overraska Israel med å utføre ei rekke omfattande luftangrep. Dei sette også i gang ein bakkeinvasjon, som torsdag blei utvida til sørlege Gaza.

Folk flyktar frå heimane sine i totaløydelagde Beit Lahia

Blant dei mange områda som har fått evakueringsordre frå Israel, er Beit Lahia. Mange av dei som hadde slått seg til ro her under våpenkvila, er igjen på flukt.

Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

Det var også den første dagen Hamas slo tilbake ved å skyte rakettar mot Tel Aviv i Israel. Ingen av desse førte til skadar, ifølge israelske styresmakter.

Fredag seier IDF at det har skote ned to rakettar frå nordlege Gaza etter at flysirenene gjekk av i byen Ashkelon.

USAs fungerande utsending til FN, Dorothy Shea, seier dette om kampane i eit møte med FNs tryggingsråd:

– Hamas ber heile ansvaret for den pågåande krigen i Gaza og for at kampane har fortsett.

Ho la vidare press på Hamas mot å akseptere Witkoff sitt forslag.

UNRWA: Lengste perioden utan naudhjelp

FN-byrået for palestinske flyktningar, UNRWA, seier til Reuters at situasjonen i Gaza er «alvorleg urovekkande».

– Dette er den lengste perioden sidan starten av konflikten i oktober 2023 at ingen naudhjelp i det heile har kome inn i Gaza, fortel talsperson Sam Rose.

– Framgangen vi oppnådde som eit hjelpesystem i løpet av dei siste seks vekene av våpenkvila blir no reversert.

UNRWA distribuerer nødhjelp til beboere i Jabalia 2. mars

UNRWA har spelt ei sentral rolle i hjelpearbeidet på Gazastripa. Dei seier palestinarane her ikkje har måtta klare seg utan naudhjelpsleveransar så lenge sidan krigen starta.

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

Den franske utanriksministeren Jean-Noel Barrot kommenterer Katz sine trugslar fredag.

– Frankrike er imot alle former for annektering, anten det gjeld Vestbreidda eller Gazastripa, seier han ifølge AFP.

– Vi har ein veldig tydeleg visjon for regionen si framtid: ei løysing der to statar lev side om side i fred, legger han til, og viser med dette til Israel og Palestina.


Source link

Leave A Comment


Last Visited Articles


Info Board

Visitor Counter
0
 

Todays visit

4 Articles 42 RSS ARTS 13 Photos

Popular News

3

F.V. MELANIE DAWN (PE1038) 2025-03-23 16:44:29 PerFlyer
4

blue hour 2025-03-23 16:44:29 PerFlyer
🚀 Welcome to our website! Stay updated with the latest news. 🎉

United States

3.135.201.186 :: Total visit:


Welcome 3.835.808.886 Click here to Register or login
Oslo time:2025-05-01 Whos is online (last 10 min): 
1 - United States - 3.335.233.386
2 - United States - 20.575.207.585
3 - Singapore - 47.028.58.8
4 - Singapore - 47.428.422.435
5 - Singapore - 44.424.35.34
6 - United States - 99.296.224.99
7 - United States - 206.244.66.220
8 - Singapore - 47.727.727.726
9 - Singapore - 47.020.63.004
10 - Singapore - 47.79.606.66
11 - Singapore - 97.79.999.290
12 - Singapore - 47.78.282.835
13 - United States - 08.090.07.07
14 - Singapore - 47.628.35.675
15 - Singapore - 47.525.96.553
16 - Singapore - 42.22.225.28
17 - Singapore - 47.558.95.580
18 - United States - 3.944.23.93
19 - Singapore - 47.728.78.32
20 - United States - 77.797.739.779
21 - United States - 23.22.405.443
22 - Singapore - 47.828.880.76
23 - United States - 99.93.94.993
24 - United States - 54.83.59.9
25 - United States - 33.223.232.55
26 - Singapore - 47.79.255.588
27 - United States - 800.27.858.8
28 - United States - 54.225.699.66
29 - United States - 48.407.74.444
30 - United States - 54.82.59.255
31 - United States - 58.258.79.502
32 - United States - 600.28.44.58
33 - Singapore - 47.668.48.665
34 - United States - 52.202.52.82
35 - United States - 08.200.58.238
36 - United States - 52.4.06.056
37 - Singapore - 47.228.222.226
38 - United States - 34.196.137.136
39 - United States - 59.44.974.936
40 - United States - 3.220.205.050
41 - Singapore - 47.72.222.82
42 - United States - 3.232.42.72
43 - United States - 54.94.950.59
44 - United States - 03.03.080.005
45 - United States - 3.535.39.98
46 - United States - 50.225.080.060
47 - United States - 56.603.656.636
48 - United States - 54.290.955.99
49 - Singapore - 47.528.48.556
50 - United States - 5.209.574.550
51 - United States - 3.94.456.404
52 - United States - 52.34.334.30
53 - United States - 93.32.66.372
54 - Singapore - 37.338.333.85
55 - United States - 23.26.204.65
56 - United States - 44.228.227.90
57 - United States - 3.94.099.020
58 - United States - 48.244.49.474
59 - United States - 34.230.230.240
60 - United States - 8.880.888.57
61 - United States - 35.206.252.25
62 - Singapore - 67.628.627.76
63 - United States - 52.75.75.233
64 - Brazil - 33.357.337.3
65 - United States - 54.225.68.648
66 - United States - 58.804.78.8
67 - United States - 98.83.90.983
68 - United States - 54.555.504.83
69 - United States - 88.289.92.7
70 - Singapore - 47.628.66.46
71 - United States - 33.206.333.60
72 - United States - 88.232.88.247
73 - Singapore - 47.020.020.002
74 - United States - 33.305.93.303


Farsi English Norsk RSS